Sondre Justad

Fredag

KJØP BILLETTER

Ein av Noregs største artistar kjem til Osfest 2019. Popsensasjonen Sondre Justad skal stå på scena under Osfest 2019. Dette vert den einaste konserten til lofotingen i Bergens-området i sommar.

Konsertane til Sondre Justad er noko utanom det vanlege. Nordlendingen har ei unik evne til å kombinere det nære og intime, med det storslåtte og energiske, og har trollbunde publikum over heile landet. Ein fortent nominasjon til Årets live på P3 Gull, og fleire seksarar på terningane teiknar eit bilde av ein liveartist i øvste klasse.

Med store hits som «Ikke som de andre», «Riv i hjertet» og «Tida vi bare va» har Justad verkeleg tatt sin plass på den norske pop-himmelen. Med så store hits, og eit liveshow utan sidestykke, kan Osfest-publikummet allereie begynne å glede seg til årets festival.

– Sondre Justad sine konsertar er noko heilt spesielt. Vilt og vakkert på same tid. Vi gler oss stort til å få ein så god liveartist på besøk, seier Tor Egil Hylland, festivalsjef for Osfest.

Justad selde ut årets storbyturné på rekordtid, og alle billettane vart rive vekk før turneen i det heile tatt hadde starta. I sommar står festivalane for tur, og i Bergens-området er det berre Osfest som har fått æra av å ha den nordnorske popstjerna på plakaten.

KJØP BILLETTER

 
facebook
instagram
youtube
soundcloud
nettside